|
” Når du står der, lurer du på om du verkeleg skal våga. Så får du augeblikket: Klart eg skal! Då er det berre å gje på, medan du har sjølvtilliten” Veko er verdas største arrangement innan ekstremsport. Ein skal ha is i magen før ein melder seg på. I juni kvart år strøymer folk frå utland og innland til Voss og til den sprekaste festivalen i Noreg. Gjennom ”Ekstremt Naturleg” får lesaren ta del i kva som skjer, der det skjer og når det skjer. Bratte fjell, luftige hopp, kvervlande stryk og såre skinker – alt gjenlevd gjennom ord og bilete. Boka fortel om våghalsar, elleville stunt og eksotisk mat med naturen som ramme rundt.
|